Kort fortalt

Historisk dårleg for Bygdebladet

Tap på meir enn 700.000 for lokalavisa.

Linn Antonie Vårdal Solheim
20.07.2023

Salsinntektene fall med nesten ein million samanlikna med 2021. Avisa har aldri levert eit dårlegare driftsresultat, med eit tap på meir enn 700.000 kroner i 2022.

Bygdebladet er ei av få aviser i regionen som framleis blir utgiven på papir, og NETT NO har tidlegare skrive om at annonseinntektene svikta i fjor fordi næringslivet mangla tilgang på varer.

- Det vi byrjar å merke no er at mange av våre annonsørar byrjar å mangle varer og dermed er det ikkje nokon vits å annonsere, sa dagleg leiar, redaktør og største aksjonær, Reidar Opsal i Bygdebladet til NETT NO i juni 2022.

Lønnsemda var dårleg for avisa, og med ein resultatmargin på -7,14 prosent har meir enn halvparten av eigenkapitalen gått med til å dekke inn tapet.

Bygdebladet held til på Ørskog, og dekker Ålesund, Vestnes og Fjord kommune, og sysselsette i følgje årsrekneskapen 12 årsverk i 2022.

Tal i millionar kroner
Bygdebladet AS
2022 2021
Driftsinntekter 9,8 10,7
Driftsresultat -0,7 0,1
Resultat før skatt -0,7 0,1

Publisert: 20.07.2023 12:39

Sist oppdatert: 20.07.2023 12:44

Mer om