Kort fortalt

Stort underskot for Pretre

Svikt i marknaden for takstolprodusent.

05.06.2024

Pretre gjekk frå eit overskot på nær 30 millionar, til minus 58 millionar kroner før skatt, ifølgje Sunnmørsposten.

Omsetninga til takstolprodusenten i Stryn fall også med over 200 millionar og enda på 323 millionar kroner.

Årsaka er svikt i marknaden for nye bustadar, som trefte firmaet både i fjor og i år, fortel administrerande direktør Christina Stautland.

– Vi håpar det snur etter sommarferien. Som resten av våre bransjekollegaer så håpar vi botnen er nådd. Vi er forsiktig optimistar, seier Stautland til avisa.

Ho fortel at heile selskapet er ramma av nedbemanning og permittering, og i Stryn har dei tilsette jobba firedagarsveke sidan november i fjor. I løpet av fjoråret blei det også lagt ned produksjonsanlegg ved Steinkjær og Jæren.

Publisert: 05.06.2024 09:05

Sist oppdatert: 05.06.2024 09:05

Mer om