Kort fortalt

Stortinget seier nei til kjøttavgift

Framstegspartiet får stortingsfleirtalet med seg.

12.04.2021

– Det er svært gledeleg at Frp no ser ut til å få fleirtal mot ein særnorsk klimaskatt på kjøttproduksjon her til lands, seier Framstegspartiets energi- og miljøpolitiske talsperson Terje Halleland.

Han har no fått Arbeidarpartiet og Senterpartiet med seg på eit forslag om å be regjeringa «slå fast at auka skattlegging av norsk kjøttproduksjon ikkje skal gjennomførast som ein del av klimapolitikken».

Forslaget ligg dermed an til å få fleirtal når Stortinget tysdag voterer over klimaplanen til regjeringa.

Kjøttavgift er ikkje noko regjeringa har foreslått i klimaplanen, men dei tre opposisjonspartia meiner spørsmålet blir prega av uvisse. Derfor vil dei no rydde all tvil av vegen ved aktivt å fastslå at det er uaktuelt å innføre kjøttavgift som tiltak for å få ned klimautsleppa frå norsk kjøttproduksjon.

Ap og Sp foreslo opphavleg ein noko annleis ordlyd, men stiller seg no bak Frps ordlyd for å sikre at forslaget får fleirtal.

– Dette er ein siger for verdiskapinga i landbruket i distrikta og ein siger for valfridommen til folk flest, seier Halleland.

Publisert: 12.04.2021 19:01

Sist oppdatert: 12.04.2021 19:02