Kort fortalt

Stortinget utset pensjonsmelding

Må vente over sommaren.

07.03.2023

(NPK-NTB): Den lova stortingsmeldinga om endringar i pensjonssystemet der uføre og minstepensjonistar skulle bli tilgodesett er utsett til over sommaren.

For ni månader sidan foreslo Pensjonsutvalet omfattande endringar i pensjonssystemet, og no i vår skulle regjeringa følgje opp med ei stortingsmelding om pensjon.

I utgreiinga frå Pensjonsutvalet vart det foreslått å ta grep slik at uføre og minstepensjonistar ikkje skulle bli pensjonstaparar. Sidan har regjeringa jobba med oppfølginga si. Stortingsmeldinga kjem ikkje i vår, som lova, men blir utsett til over sommaren, melder NRK.

– Vi rekk ikkje å bli heilt ferdige på denne sida av sommaren, seier statssekretær Tomas Norvoll (Ap) i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Stortinget må få så oppdaterte berekningar som mogleg når dei skal behandle saka, understrekar han.

– Heilt konkret dreier det seg om at vi må innarbeide nye befolkningsframskrivingar i berekningane. Dette tek tid, seier Norvoll.

Det er over éin million pensjonistar i Noreg, og regjeringa ønskjer eit breitt pensjonsforlik. Torsdag skal arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) drøfte pensjon med dei parlamentariske leiarane.

Norvoll lovar at saka vil bli behandla i Stortinget før jul.

(©NPK)

Publisert: 07.03.2023 09:03

Sist oppdatert: 07.03.2023 09:36

Mer om