Stortinget vedtok kvotemeldinga
To Sp-representantar stemte mot fleirtalet.
(NPK-NTB): Stortinget vedtok tysdag ettermiddag kvotemeldinga. Regjeringspartia (Ap og Sp) danna fleirtal saman med Frp, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre.
Partia på venstresida har kritisert regjeringspartia for å sikre fleirtal med høgresida, skriv NRK. To Sp-representantar, Geir A. Iversen og Per Olaf Lundteigen, stemde mot innstillinga frå fleirtalet.
Regjeringa sviktar fiskarane, var meldinga frå SV, Raudt og MDG etter at regjeringspartia 19. april vart samde med Høgre, Frp, Venstre og KrF om kvotemeldinga for fiskerinæringa.
Kvotemeldinga tek for seg organiseringa av fiskerinæringa og fiskekvotane i Noreg, og vart lagt fram 12. januar. Fiskekvotane bestemmer mellom anna kva båtar som får lov til å fiske, og dessutan kva, når og kvar dei får fiske.
(©NPK)
Publisert: 30.04.2024 16:45
Sist oppdatert: 30.04.2024 16:45