Kort fortalt

Strammar inn ordninga med karantenehotell

Må bli på første tilkomststad.

24.02.2021

(NPK-NTB): Frå no av får dei som er på karantenehotell, meldeplikt. Ein kan heller ikkje reise vidare frå den første staden ein kjem til Noreg før ein går i karantene.

Justisminister Monica Mæland (H) kunngjorde innstrammingane i karantenehotellordninga på ein pressekonferanse onsdag.

– Personar som skal i innreisekarantene, må opphalde seg på karantenehotell på første tilkomststad. Dei kan ikkje reise vidare frå Gardermoen før karantene er gjennomført, sa justisministeren.

I tillegg innfører regjeringa meldeplikt for alle som oppheld seg på karantenehotell. No får kommunane òg plikt til å halde oppsyn med gjestene på karantenehotella, noko som fram til no berre har vore tilrådd.

(©NPK)

Publisert: 24.02.2021 15:28

Sist oppdatert: 24.02.2021 16:01

Mer om