Betongentreprenør Søvik & Skåravik gjekk til sak mot Stranda Fjellgrend med eit krav på 4,3 millionar kroner for ubetalt arbeid, men før saka kom opp gjekk Stranda Fjellgrend til retten og melde oppbod.
No har retten konkludert i saka, i ein såkalla fråversdom.
Konkursbuet har ikkje gått inn i tvisten og ingen partar som representerer Stranda Fjellgrend møtte.
Stranda Fjellgrend er dømt til å betale kravet og i tillegg sakskostnadar på 160.879 kroner og 50 øre.
Dommen endrar ikkje Søvik & Skåravik sin status som kreditorar og selskapet ligg dermed ikkje an til å få pengane.
Långivar, Sparebank1 SMN, har eit samla krav på 22 millionar kroner, med pant i seks fritidsbustadar, varelager og utstyr.
Resten av kreditorane kan ikkje rekne med å få att noko, ifølgje den mellombelse innberetninga frå bustyrar Cathrin Myre Skram.
Publisert: 11.11.2024 13:41
Sist oppdatert: 11.11.2024 15:37