Stranda Fjellgrend bygg foto Stranda Fjellgrend
IKKJE FERDIG: Leilegheitsbygget som Strand Fjellgrend ikkje rakk å fullføre, ligg på Fursetli-sida av skianlegget. Seks av leilegheitene er ikkje ferdige. Foto: Stranda Fjellgrend
Nytt

Krav på 36,9 millionar kroner

Ingenting til dei uprioriterte kreditorane etter Stranda Fjellgrend-konkursen.

17.10.2024

47 krav på tilsaman 36,9 millionar kroner. Det er situasjonen etter konkursen i Stranda Fjellgrend. Selskapet bygde fritidsbustadar på Strandafjellet, og melde oppbod tidlegare i haust.

Långivar, Sparebank1 SMN, har eit samla krav på 22 millionar kroner, med pant i seks fritidsbustadar, varelager og utstyr.

Resten av kreditorane kan ikkje rekne med å få att noko, ifølgje den mellombelse innberetninga frå bustyrar Cathrin Myre Skram.

"Pr. d.d. er det ingen utsikt til dekning for kreditorene", skriv ho.

Vil ha burevisor
Myre Skram vil engasjere burevisor, mellom anna for å få vurdert når selskapet var insolvent (hadde tapt eigenkapitalen og ikkje kunne gjere opp for seg), og vurdere om der har vore omstøytlege disposisjonar.

Det var selskapet sjølv som melde oppbod. Myre Skram refererer styreleiar i selskapet på at det var forseinkingar og fordyringar av bygging av eit leilegheitsbygg, som er årsaka til konkursen.

Tvist med betongentreprenør
Stranda Fjellgrend hadde ein tvist med betongentreprenør Søvik og Skåravik då selskapet melde oppbod.

Ifølgje innberetninga hadde Søvik og Skåravik stemna Stranda Fjellgrend med krav på 4,7 millionar kroner for utført arbeid på 15 fritidsleilegheiter på Strandafjellet.

Buet har ikkje gått inn i den tvisten.

Krympa aktivitet
For nokre år sidan selte Stranda Fjellgrend hytter for meir enn 40 millionar kroner årleg. Dei siste åra har det vore betydeleg mindre aktivitet.

Ifølgje det siste offentlege rekneskapen frå 2022 hadde firmaet ei omsetning på knapt ein halv million og eit underskot på kring halvannan million. Eigenkapitalen var på kring 2,6 millionar ved utløpet av det året og den samla gjelda på 14,4 millionar kroner.

Det er Jan Arvid Berge, Vidar Mork og Frode Mork som har vore eigarar av selskapet med ein tredjedel kvar.

Publisert: 17.10.2024 14:30

Sist oppdatert: 17.10.2024 17:10

Mer om