Kort fortalt

Straumpris-rekord i mars

Meir enn 12 gangar dyrare i sør enn i nord.

31.03.2022

NPK-NTB: Mars vart med god margin den dyraste straummånaden nokosinne i Sør-Noreg. Straumen i sør var meir enn 12 gonger så dyr som i nord.

Månadsprisen i mars enda på 187 øre per kilowattime (kWh) i alle dei tre prisområda i Sør-Noreg. Førre rekord var i desember då prisen enda på 177 øre, skriv Europower.

Lenger nord i landet enda månadsprisen på 17,3 øre i Midt-Noreg og 15,1 øre i Nord-Noreg. Dette er ikkje ny botnrekord for dei nordlege områda, den vart sett i juli 2020 då månadsprisen var 2,7 øre.

Det blir likevel sett ein solid prisdifferanse-rekord mellom dei ulike landsdelane. I Sør-Noreg var straumen 10,8 gonger dyrare enn Midt-Noreg, og 12,4 gonger dyrare enn Nord-Noreg i mars.

Den nye rekordprisen i Sør-Noreg fører òg til rekord i utbetaling av straumstøtte. I desember – då prisen låg litt lågare – var støttenivået berre 55 prosent. Sidan då er støttenivået heva til 80 prosent.

Støtta i mars kjem til å bli 117 øre/kWh når momsen er inkludert.

Publisert: 31.03.2022 06:55

Sist oppdatert: 31.03.2022 06:57