Kort fortalt

Straumrekninga regnar ikkje bort

Framleis høge straumprisar.

30.07.2021

Trass i styrtregnet mange har opplevd i sommar, er straumprisane her i landet framleis nesten like høge som i vår.

Periodane med styrtregn over Sør-Noreg og tidlegare periodar med mykje regn i vår og tidleg i sommar i Nord-Noreg har ikkje gitt betydelege utslag i straumprisane, skriv Finansavisen.

Det sjølv om nedbørsrekordane blir slåtte ei rekkje stader i landet. Torsdag sette Færder seks nye rekordar, og nådde 82 millimeter regn på 90 minutt. Det er òg ny norsk rekord.

I veke 29 var fyllingsgrada i norske kraftmagasin på godt og vel 68 prosent. Det er rundt 5 prosentpoeng lågare enn medianen på denne tida av året, og langt under fjoråret då fyllingsgrada var nesten 80 prosent i snitt i juli.

I fjor var månadsgjennomsnittsprisen for straum på under 2 øre per kilowattime i både juni og juli. Til samanlikning var gjennomsnittsprisen i Oslo over 58 øre i juni i år. Spotprisane denne veka er framleis over 50 øre.

Det kan bety høgare inflasjon. Energi til oppvarming av bustader utgjer omtrent 4 prosent av konsumprisindeksen.

Publisert: 30.07.2021 09:05

Sist oppdatert: 30.07.2021 10:33

Mer om