Kort fortalt

Straumstøtta til bøndene er klar

Svarar til støtte til hushald.

17.01.2022

(NPK-NTB): Straumpakken til jordbruket og veksthusnæringa er klar, og utbetalinga kan komme i slutten av februar. Støtta svarer til den som hushalda får.

Forslaget frå regjeringa inneber at staten vil ta 55 prosent av rekninga når straumprisen overstig 70 øre per kWh i desember og 80 prosent for tidsrommet januar til mars.

Taket for jordbruket blir sett til 20.000 kWh i månaden, medan veksthusnæringa ikkje får noka slik øvre grense.

– Det har vore ein stor auke i straumkostnadene. For jordbruket kjem dette i tillegg til auke i ei rekkje andre kostnader, og likviditetssituasjonen er svært krevjande for mange bønder. Det har derfor vore viktig for meg å komme med gode løysingar som kan bidra til å betre situasjonen, seier landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp).

Ho understrekar at pengane skal utbetalast så raskt som råd. Landbruksdirektoratet tek sikte på å starte utbetalingane mot slutten av februar.

(©NPK)

Publisert: 17.01.2022 20:01

Sist oppdatert: 17.01.2022 20:02

Mer om