Kort fortalt

Streik blant ingeniørane hindra

Nito og NHO vart samde fem timar på overtid i meklinga natt til fredag.

02.12.2022

Dermed blir det ikkje streik blant norske ingeniørar.

– I meklinga mellom Nito og NHO i samband med Nito-overeinskomsten nådde partane – med riksmeklar Mats Rulands mellomkomst – fram til ei forhandlingsløysing. Begge partane vedtok forhandlingsløysinga, opplyser Riksmeklaren.

Om ikkje partane hadde vorte samde, ville 123 ingeniørar og teknologar streika frå fredag morgon.

Nito kallar resultatet ein siger.

– Funksjonæromgrepet er fjerna og vi har lagt til rette for reelle lokale forhandlingar framover. Det er to viktige sigrar for oss, seier leiar for tariffutval Nito Privat, Tom Helmer Christoffersen

Både NHO og Nito seier det har vore krevjande forhandlingar.

– Vi er nøgde med å ha komme fram til ei semje med Nito, seier Jon Claudi, forhandlingsdirektør i NHO, i ei pressemelding.

Nito og NHO har vorte samde om å skaffe eit felles kunnskapsgrunnlag om kva erfaringar dei lokale partane har med lokale lønnsforhandlingar. Det er også semje om å gjennomføre eit utvalsarbeid for å kartleggje praksis knytt til tenestereiser.

– NHO har strekt seg langt for å unngå at vi skulle ende i streik. Det er det siste bedriftene våre hadde trengt no, seier Claudi.

Publisert: 02.12.2022 07:52

Sist oppdatert: 02.12.2022 07:53

Mer om