Kort fortalt

Streik gir permitteringsauke

Tredobling i permisjonsvarsel i haust på grunn av streik.

24.10.2016
(NPK-NTB): I september fekk Nav 5.200 varsel om moglege oppseiingar og permisjonar. 3.300 av desse er permisjonsvarsel, og dette er ei tredobling sidan august.
– At talet på permisjonsvarsel auka i september kjem av streiken i oljeservicebransjen. Det er ingen grunn til å tru at dette indikerer eit skifte på arbeidsmarknaden. Det har vore ein sterk nedgang i talet på varsel dei siste månadene, og vi reknar med at det vil kome færre varsel igjen i månadene som kjem, seier Sigrun Vågeng.
Nærmare halvparten av varsla om oppseiingar og permisjonar kjem frå Rogaland, med over 2.500 personar. Over 3.000 av varsla kjem frå industri, bergverk og utvinning.
Det er berre bedrifter som planlegg å seie opp eller permittere minst ti tilsette, som må varsle Nav. (©NPK)

Publisert: 24.10.2016 11:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43