Kort fortalt

Streik på tre oljeplattformar

Lederne stemte nei til meklingsresultat.

30.06.2022

(NPK-NTB): Medlemmene i fagforeininga Lederne har stemt nei til meklingsresultatet. Dermed blir det streik på tre plattformer i Nordsjøen frå 5. juli.

I alt vil 74 medlemmer som arbeider ved Equinors innretningar Gudrun, Oseberg Aust og Oseberg Sør, gå ut i streik.

Streiken vil truleg ramme norsk oljeproduksjon, ifølgje fagforeininga, men norsk gasseksport blir ikkje ramma, skriv Reuters.

Lederne og Norsk olje og gass kom fram til ei forhandlingsløysing søndag 12. juni. Eit einstemmig forhandlingsutval i Lederne vedtok at forhandlingsløysinga skulle sendast på uravstemming til medlemmene, og medlemmene sa nei.

– Uravstemminga blant medlemmene våre på sokkelavtalen er klart, og resultatet er eit tydeleg nei frå medlemmene. Meklingsresultatet er dermed forkasta, og med etterfølgjande streik som resultat, skriv Lederne i ei pressemelding.

(©NPK)

Publisert: 30.06.2022 14:11

Sist oppdatert: 30.06.2022 14:13

Mer om