Fylkesordførar Anders Riise (H) reagerer kraftig på at Statsforvaltaren i Møre og Romsdal planlegg å flytte ut av fylkeshuset i Molde, og inn i eit planlagt nybygg i Grandfjæra. Det skriv Romsdals Budstikke.
I eit brev til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) ber Riise om at departementet overstyrer avgjerda om å flytte.
Fylkesordføraren viser til at avgjerda om å flytte dei 150-160 arbeidsplassane strir mot både regionale og statleg strategiar.
Han peiker vidare på at Statsbygg si faglege vurdering, er at framleis leige er det beste alternativet i høve miljø og økonomi.
– Når Statsbygg vurderer at framleis leige i Fylkeshuset gjev den miljømessig beste løysinga, er det vanskeleg å forstå Statsforvaltaren si avgjerd om å utløyse behovet for eit nybygg utanfor sentrumskjernen i Molde, skriv Riise.
Avisa har gjort fleire førespurnader om saka til statsforvaltar Else-May Botten, men har ikkje fått svar.
Publisert: 17.02.2026 13:27
Sist oppdatert: 17.02.2026 13:27






