Kort fortalt

Ordførar vil skjerpe skredvarslinga

Vil ha årlege skredvurderingar.

13.06.2022

Stryn kommune ønskjer årlege skredvurderingar etter det store skredet som gjekk i Kjenndalen i Loen fredag.

Fredag gjekk eit stort snøskred Loen i Stryn. Skredet tok med seg både bilar og campingvogner, men til alt hell vart berre tre personar lettare skadde i skredet.

Skredet starta i 1.600 meters høgd og sette kursen mellom anna mot turistane ved Kjenndalen, ikkje langt frå Lovatnet.

Det er ikkje uvanleg med skred i Kjenndalen, men vanlegvis går skreda tidlegare på året – før turistsesongen. Til NRK seier Stryn-ordførar Per Kjøllesdal (Sp) at ei årleg skredvurdering før turistsesongen startar om våren er eit tiltak dei vurderer framover.

– Vi må ha ein tett dialog med lokalbefolkninga som kjenner området. Eg ser også føre meg at vi må opp med helikopter og fagfolk for å vurdere snøsituasjonen, seier ordføraren.

Ifølgje geolog Odd Are Jensen i NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) kan det komme nokre mindre vanlege vårskred i området, som spreier seg lite.

– Faren for dei store skreda er nok over for i år, sjølv om vi ikkje heilt kan sjå bort frå fleire.

Publisert: 13.06.2022 15:51

Sist oppdatert: 13.06.2022 16:13

Mer om