Kort fortalt

Studentane urolege for jobbutsiktene

Korona har gitt meir usikkerheit.

04.03.2021

Nesten fire av ti studentar meiner jobbutsiktene ser verre ut no enn før koronapandemien.

Ifølgje undersøkinga meiner 29 prosent av norske studentar at jobbutsiktene ser verre ut no. Ni prosent meiner dei ser mykje verre ut, skriv Universitas.

Arbeidslivsforskar og NHH-professor Kjell Gunnar Salvanes meiner at studentane har ein reell grunn til å vere bekymra for framtidig arbeidsliv.

–⁠ Det vi fann i studiane våre, er at dei som gjekk inn i arbeidslivet i nedgangstider, hadde mellom fem og ti prosents reduksjon i lønn òg over lang tid, seier Salvanes.

Halvparten av dei spurde studentane meiner jobbutsiktene er som før, medan 11 prosent meiner dei har vorte betre eller mykje betre.

Publisert: 04.03.2021 10:13

Sist oppdatert: 04.03.2021 10:14