Kort fortalt

Støre til angrep på skatteløfter

Meiner Høgre og Frp lovar noko dei ikkje har råd til.

27.06.2025

(NPK-NTB): Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) åtvarar om at velferdskutt blir resultatet når Høgre og Frp overbyr kvarandre i kor mykje skatt dei skal kutta.

– Skattekuttkonkurransen mellom Framstegspartiet og Høgre tek stadig nye vendingar: Først var det 60 milliardar, så var det 50 – og no seier Frp at det uansett er for lite, sa Støre på sommarpressekonferansen sin fredag.

Han meiner at høgresida må gjera nye usosiale kutt om dei skal få gjennomført løfta.

– Poenget er: Dei har gitt eit løfte dei ikkje har råd til. Eller sagt på ein annan måte: Som dei ikkje fortel oss korleis dei skal finansiera, seier Støre.

Han seier at både Høgre og Frp har opna for å auka selskapsskatten.

– Dei vil skattleggja meir av overskotet for 200.000 bedrifter. Då blir det mindre pengar til å tilsetja fleire og til å lønna folk – i hjørnesteinsbedrifta og i butikken på hjørnet, seier han.

(©NPK)

Publisert: 27.06.2025 14:39

Sist oppdatert: 27.06.2025 14:39

Mer om