Kort fortalt

Støre vil fryse leiarlønningar

Det gjeld også stortingsrepresentantar.

22.03.2021

Lønna til toppleiarar i statlege og private selskap, og dessutan stortingsrepresentantar, bør inntil vidare frysast, meiner Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

– Vi er midt ei gigantisk krise, med hundretusen permitterte og ledige og der livsverk blir lagde i grus. I ein slik situasjon må toppleiarane og selskapa deira forstå at dei ikkje kan løyva store lønnsaukingar og bonusar til seg sjølve, seier Støre til VG.

Utspelet kjem midt i ein periode der leiarlønningane har vorte diskuterte. Laurdag sa avtroppande Frp-leiar Siv Jensen i den siste talen sin til landsstyret at ho reagerer på at NHO har kravd reallønnsnedgang samtidig som toppleiarar stadig løyver seg høgare lønningar.

Det fekk NHO-sjef Ole Erik Almlid til å gå ut å understreke at også leiarane må ta ansvaret sitt gjennom koronapandemien.

Støre meiner at også leiarar av bedrifter som går bra, bør ha lønnsfrys og heller investere i dei tilsette. Han synest dessutan at også politikarane bør fryse lønna.

– Vi vil ha ein leiarlønnskommisjon som også skal sjå på lønningane til politikarar og meiner lønningane til stortingsrepresentantane bør frysast medan kommisjonen jobbar, seier han til avisa.

Publisert: 22.03.2021 18:23

Sist oppdatert: 22.03.2021 18:25

Mer om