Kort fortalt

Større tru på betra økonomi

Fleire nordmenn er optimistiske.

14.06.2021

I takt med gjenopninga har trua til nordmenn på at norsk økonomi òg vil betre seg, auka kraftig.

Ifølgje Norsk koronamonitor frå Opinion har optimismen for økonomien i Noreg ikkje vore større på 15 månader.

Norsk koronamonitor har i løpet av pandemien spurt 97.000 nordmenn om dei trur den økonomiske situasjonen i Noreg den neste månaden vil bli betre, dårlegare eller uendra.

I juni trur 37 prosent at den økonomiske situasjonen i Noreg vil bli betre den neste månaden. 14 prosent trur han blir dårlegare, medan 49 prosent trur han vil bli verande uendra.

Delen som trur at den økonomiske situasjonen blir betre, har auka med heile 14 prosentpoeng sidan mai.

– Trua på lysare tider for økonomien har aldri vore høgare under pandemien. Trua på betre tider er meir enn dobbelt så høg som snittet for heile perioden, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

I undersøkinga oppgir òg 22 prosent at dei er bekymra for den personlege økonomien sin som følgje av pandemien. Dette er 3 prosentpoeng lågare enn gjennomsnittet for pandemien.

(©NPK)

Publisert: 14.06.2021 08:18

Sist oppdatert: 14.06.2021 08:18

Mer om