Større vognlass kan gi mindre vegslitasje
Nytt forslag på høyring.
Delar av det kommunale og fylkeskommunale vegnettet er klassifisert slik at det må køyrast mange fleire tømmerlass enn nødvendig. Det fører både til auka kostnader, auka utslepp og meir slitasje på vegnettet.
Tømmertransporten på veg går føre seg med spesialbygde tømmervogntog. I dag er maksimal tillatne vogntoglengde og totalvekt for slike vogntog 24 meter og 60 tonn.
Norges Skogeierforbund har utarbeidd ein rapport som viser korleis det offentlege vegnettet er klassifisert.
– Rapporten viser at klassifiseringa av vegnettet har hatt ei positiv utvikling sidan 2019, og at 61 prosent av tømmertransporten i 2021 blei utført med 60 tonn totalvekt, seier rådgivar Dag Skjølaas i Skogeierforbundet i ei pressemelding.
Samtidig er delar av det offentlege vegnettet klassifisert svært lågt, og på mange vegar er lovleg totalvekt mindre enn 50 tonn.
– For å redusere utsleppa frå transportsektoren og styrkje norsk skognæring må vegnettet klassifiserast med bruksklasser som er tilpassa moderne transportutstyr, seier Skjølaas, som har utarbeidd rapporten saman med Ola Molstad.
Samferdselsdepartementet har no sendt eit forslag på høyring der fleire vegar kan brukast av tunge køyretøy.
– At fleire vegar blir opna for tyngre køyretøy, vil bidra til auka effektivisering, både i skogbruksnæringa og i transportnæringa, meiner samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).
(©NPK)
Publisert: 09.03.2022 11:12
Sist oppdatert: 09.03.2022 11:42