Kort fortalt

Største fallet i hyttesalet på 20 år

Høgare kostnader og rekordår i fjor mellom årsakene.

03.05.2023

(NPK-NTB): Folk er ikkje like ivrige etter å skaffe seg hytte som under og rett etter pandemien. Hyttesalet i første kvartal i år fall med 24,5 prosent frå same kvartal året før.

I alt vart det omsett 1.806 fritidsbustader i første kvartal 2023. Det er 20 år sidan talet på omsetningar var like lågt, melder Statistisk sentralbyrå (SSB).

SSB peikar på fleire forklaringar til nedgangen.

– Høge straumprisar og ei stigande rente kan ha gjort moglege kjøparar meir forsiktige. I tillegg var det veldig mange omsetningar i perioden 2020-2022, noko som kan ha bidratt til at talet har gått noko ned i 2023, seier seksjonssjef Dagfinn Sve i SSB.

Hyttesalet fall i alle fylke, men Agder opplevde den største nedgangen med 35 prosent. I Innlandet var nedgangen på 29 prosent.

(©NPK)

Publisert: 03.05.2023 10:55

Sist oppdatert: 03.05.2023 10:55

Mer om