Kort fortalt

Støttar ikkje skattelette for unge

Tommelen ned frå NHO og LO.

26.07.2021

(NPK-NTB): NHO meiner forslaget frå regjeringa om skattelette for unge er dyrt og lite treffsikkert. LO meiner det vil føre til større forskjell blant unge.

Regjeringa har foreslått å bruke 1,5 milliardar kroner i «jobbskattefrådrag» til dei under 30 år, skriv NRK. Forslaget er sendt på høyring, og både NHO og LO har i høyringsrunden svart at dei er kritiske til forslaget.

– Dette verkar som eit dyrt og lite treffsikkert verkemiddel. Regjeringa forslår å gi skattelette til dei som ikkje treng det for å komme i jobb, altså dei som allereie har jobb, eller som uansett får jobb, seier NHOs sjeføkonom Øystein Dørum til kanalen.

– Ei sånn ordning vil auke forskjellen blant ungdom. Dei som har ein jobb vil få ein fordel, medan dei som står utanfor ikkje får det, meiner Roger Heimli, andre nestleiar i LO.

Høgre meiner derimot at forslaget vil føre til mindre forskjell blant unge.

(©NPK)

Publisert: 26.07.2021 09:09

Sist oppdatert: 26.07.2021 09:10

Mer om