Kort fortalt
Støtte til arbeidsfellesskap på Nordøyane
Vil gi pengar til eit prosjekt ekstra.
Marius Rosbach
15.06.2022
Fylkespolitikarane vil støtte åtte «coworking»-prosjekt ulike stader i Møre og Romsdal. Det gjekk eit samrøystes kultur, næring og folkehelseutval inn for tysdag.
Utvalet la inn støtte til eit ekstra prosjekt - Grøn Cowork Nordøyane i regi av Haram Innovasjonsstudio, i tillegg til dei sju som låg inne frå før.
Les også
Fylkespolitikarane gir til saman støtte på 1,68 millionar til å utvikle arbeidsfellesskap i kommunane: Ålesund, Sykkylven, Ulstein, Fjord, Rauma, Volda og Molde – og altså komande nye Haram.
Støtta skal berre utgjere halvparten av prosjektkostnadene.
Publisert: 15.06.2022 17:52
Sist oppdatert: 15.06.2022 17:55