May Britt Roald MR fylke Lise Haukeberg Skaparlinken fotor Ogne
SYKKYLVEN-PROSJEKT: May-Britt Roald i Møre og Romsdal Fylkeskommune (t.h.) og Lise Haukeberg i Skaparlinken i Sykkylven mener arbeidsfelleskap for flere små bedrifter og enkeltpersoner gjør bygdene mer attraktive. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil støtte sju arbeidsfellesskap

Foreslår at Ulstein og Molde får mest støtte til «coworking».

Marius Rosbach
14.06.2022

Fylkeskommunedirektøren foreslår å støtte sokalla «coworking»-prosjekt sju ulike stader i Møre og Romsdal.

NETT NO har tidlegare omtalt korleis det fleire stader i fylket, er jobba med slike prosjekt som skal vere ein møteplass for gründere og andre næringsdrivande.

Tanken er at nyetablerte bedrifter, småbedrifter og enkeltpersoner kan ha en arbeidsplass og et felleskap ved slike møteplassar. Skaparlinken i Sykkylven åpna dørene i februar i år og kunne allereie i april fortelje at dei nesten er fullt utleigd.

Forslaget frå fylkeskommunedirektøren går ut på å løyve opptil 1,68 millioner kroner. Saka kjem på bordet til kultur,- næring- og folkehelseutvalet tysdag.

Desse prosjekta er foreslått støtta av dei 12 søknadene som kom inn:

  • 450.000 kr til cowork Romsdal, søkar Protomore Kunnskapspark (Molde) med fleire samarbeidspartnarar
  • 360.950 kr til cowork på bygda Ulsteinvik, søkar Ulstein Næringsforum
  • 174.650 kr til cowork-miljø i Vatne-Tennfjord, søkar lokalt utviklingsselskap
  • 125.000 kr til nærings- og innovasjonssenter Veiholmen, søkar Coop Veiholmen
  • 125.000 kr til Fjord Cowork, søkar Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv
  • 120.000 kr til Moritsgarden i Volda, søkar Anne Bjørkedal
  • 100.000 kr til Cowork Sykkylven, søkar Sykkylven Næringsutvikling

Les meir om prosjekta (ekstern lenke)

Målet med prosjekta er å skape meir attraktive lokalsamfunn, og trekke til seg folk som vil busette seg og jobbe i distrikta.

Under koronapandemien vart ulike arbeidsformer meir utbredt. Mange erfarte at geografisk plassering hadde mindre å seie, etter at nye digitale hjelpemiddel er teke i bruk.

– No som vi har vore vane med heimekontor, har vi erfart at vi kan jobbe kvar som helst. Det gjer oss meir fleksible, men mange har sakna det sosiale. Etablerer du eit arbeidsfellesskap i lag med andre, inviterer du til samarbeid, deling og utvikling og vekst. I tillegg til det sosiale, uttalte rådgivar May-Britt Roald då ordninga vart lyst ut.

Publisert: 14.06.2022 10:49

Sist oppdatert: 14.06.2022 11:20

Mer om