Kort fortalt

Supergen styrker torsken

Kan tilpasse seg miljøendringar.

15.02.2022

(NPK): Forskarar har funne ut at torsk i Nordsjøen og Skagerrak har «supergen» som gjer at den raskt kan tilpasse seg endringar i miljøet.

I ein ny publikasjon viser forskarane korleis tre såkalla supergen kan vere godt nytt for torsken:

– I praksis betyr dette at torsk ganske raskt kan tilpasse seg endringar i miljøet. Dette kan vere kortvarige forandringar, som årlege forskjellar i temperatur, nedbør eller straumforhold, eller meir langvarige endringar som klimaendringane vi no opplever. Som art blir han veldig fleksibel, fortel forskar og førsteforfatter Marte Sodeland i ein artikkel på nettsida til Havforskingsinstituttet.

Grunnen til at forskarane kallar det supergen, er at dei dekkjer opp til fleire hundre gen, og sørgjer for at desse kan nedarvast som ei eining. Desse einingane inneheld dermed veldig mykje genetisk variasjon sett saman i evolusjonært tilpassa «pakkar».

– Eitt individ har dei gena det er født med, men supergena gjer at torsken som gruppe får eit ganske breitt spekter av variasjon å spele på, fortel seniorforfattar Halvor Knutsen.

I arbeidet har forskarane vist at torsken i Nordsjøen og Skagerrak har vore under press veldig lenge. Estimata deira tyder på at den kan ha vore i nedgang heilt sidan vikingtida.

Kort sagt kan desse supergena forklare meir om kvifor torsken har klart seg trass i eit millennium med stort fiskepress.

(©NPK)

Publisert: 15.02.2022 12:14

Sist oppdatert: 15.02.2022 12:15

Mer om