Superlønnsemd for «hobbyprosjekt»
Resultatmargin på meir enn 90 prosent.
Inno-Freeze som har utvikla ein spesialfrysar for bruk i fiskeindustrien, hadde eit nytt superresultat i fjor, viser årsmeldinga som nyleg blei offentleg.
Rekneskapen for 2023 viser ei omsetning på knappe 1,5 millionar og eit resultat før skatt på nær 1,4 millionar kroner. Resultatet er om lag som året før og gir ei skyhøg resultatmargin på meir enn 90 prosent for selskapet.
Dei automatiserte vertikalfrysarane blir laga og selt via lisens av Dybvad Stål Industri (DSI) og Intech International i Danmark.
Selskapet starta som eit «hobbyprosjekt» for svograne Erik Juelsen og Arve Støhle. Dei eig 51 prosent av Inno-Freeze gjennom eit felles selskap. Huse Holding i Brattvåg eig 49 prosent. Selskapet hadde tidlegare adresse på Godøy, men held no til i Ålesund.
Etter det gode fjorårsresultatet blei det teke ut ein million kroner i utbytte. Selskapet har ein eigenkapital på 190.000 kroner og ingen langsiktig gjeld.
Inno-Freeze As | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 1,5 | 1,5 |
Driftsresultat | 1,4 | 1,4 |
Resultat før skatt | 1,4 | 1,4 |
Publisert: 26.02.2024 09:51
Sist oppdatert: 26.02.2024 09:51