Har teke steget over på land med «fiskefrysarar»
Etter at svograne fekk ein smart ide for rundt 20 år sidan, er det levert frysarar til ein verdi av 200 millionar. No har dei kapra sine første avtalar i kjøttindustrien.
Dei siste åra har «hobbyprosjektet» til svograne Erik Juelsen og Arve Støhle slått gjennom salsmessig. No har selskapet Inno-Freeze, som har utvikla automatiserte vertikalfrysarar til fiskebåtar, også teke steget over på land.
– Det har vore ein lang veg å gå og mange hadde ikkje tru på ideen med automatisering. Men vi fekk inn ein investor og ikkje minst har vi fått mykje god hjelp frå Innovasjon Norge. Eg trur ikkje vi hadde fått til dette utan dei, fortel Erik Juelsen til NETT NO.
Begge har andre «dagjobbar» ved sidan av gründerverksemda, Juelsen som teknisk inspektør i Havfisk og Arve Støhle på eit av offshoreskipa til Solstad.
Første avtalar med kjøttindustrien
Svograne eig 51 prosent av Inno-Freeze gjennom eit felles selskap. Investorane frå Huse Holding i Brattvåg, eig 49 prosent. Frysarane blir laga og selt via lisens av Dybvad Stål Industri (DSI) og Intech International i Danmark.
Til no er det selt kring 300 frysarar til en salsverdi på kring 200 millionar kroner. Juelsen fortel at salet har auka jamt og trutt dei siste åra. No er også løysinga selt til kjøttindustrien i fleire land.
– Det er ein veldig interessant marknad, som vi har stor tru på når pandemien er over. Det er også ein marknad som er betydeleg større enn fiskeindustrien, påpeiker Juelsen.
Løftar fryseplatene i staden for fisken
Frysaren som svograne forvaltar rettane til via Inno-Freeze, er både enkel og avansert på same tid. I staden for å robotisere ein manuell frysar, slik andre har gjort, gjekk dei for eit nytt heilautomatisk konsept.
– Vi let blokkane stå att på eit transportsystem og løftar opp sjølve fryseplatene. Det er motsett av korleis ein standard manuell frysar fungerer, fortel Juelsen.
I snitt kan ein tømme ein typisk frysar med fisk på åtte minutt. Då er blokkene pakka med sekk og ferdig paletert. Gründeren fortel at etterspurnaden gjekk kraftig opp etter at .
Inno-Freeze har også rettane til å vidareutvikle den patenterte løysinga. Juelsen fortel at dei heile tida har utvikla produktet. Difor kan dei no mellom anna handtere reker automatisk, noko som er betydeleg meir komplisert enn fisk.
Driv også eventselskap
Omsetninga til Inno-Freeze-selskapet på Godøya kjem av royaltyinntekter frå salet.
Rekneskapen for dei siste åra viser at inntektene har stege bratt, frå oppunder millionen i 2017 til nær 3,4 millionar i fjor. Selskapet fekk eit resultat før skatt på 3,1 millionar, som gir ein resultatmargin på skyhøge 91 prosent.
Dei siste åra er det teke ut drygt 4,2 millionar kroner i utbytte, men Juelsen påpeiker at det ikkje er pengar som har hamna i deira private lommer. Saman driv svograne også Alnes Brygge, der dei har investert pengane vidare.
– Vi ønsker å utvikle meir næringsverksemd og vi jobbar med å bygge opp Alnes Brygge som eit eventselskap. Vi har hatt ein tøff start mellom anna med tunnelstenging og korona, men før pandemien slo til hadde vi ei god ordrebok som vi håpar å få fylt opp att, fortel Juelsen.
Korona bremsar veksten
I «koronaåret» har det butta i mot også for sal av frysarane til Inno-Freeze. Fleire prosjekt er sett på hald, så dei reknar ikkje med vidare vekst i år.
– Men når ting normaliserer seg ventar vi ein boom med nye prosjekt. DSI har også oppretta kontor i USA og Russland, som gjer at marknadsføringa blir betre framover, seier Juelsen.
Når ting normaliserer seg ventar vi ein boom med nye prosjekt
Publisert: 07.12.2020 05:55
Sist oppdatert: 28.04.2021 12:23