Jostein Dahl Gjelsvik og Stefan Olsen foto marius kopi
ÅLESUND: Jostein Dahl Gjelsvik og Stefan Olsen og dei andre i Up & Away Digital hadde kraftig vekst i inntektene i fjor. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Supervekst for Ålesund-selskap

Auka inntektene med over 75 prosent i fjor.

Marius Rosbach
23.05.2025

Ålesund-selskapet Up & Away Digital fekk ei kraftig auke i inntektene i fjor. Omsetninga gjorde eit hopp frå 4,7 millionar til heilt 8,3 millionar kroner i fjor. 

Saman med veksten klarte dei å halde lønnsemda oppe, og fekk eit lite pluss på botnlinja.

Up & Away Digital AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt8,34,7
Driftsresultat0,40,4
Resultat før skatt0,40,4

Nett No omtala selskapet som Jostein Dahl Gjelsvik og Stefan Olsen starta midt under koronapandemien, i fjorårets Nett No-magasin

Dei digitale nerdane fortalde at dei såg ein marknad for teknisk spissa digitale tenester på sida av det dei tradisjonelle reklamebyråa dreiv med. 

Gjelsvik og Olsen eig 33 prosent kvar av selskapet, medan Converto Holding eig 34 prosent av aksjane. Eigenkapitalen var på drygt 1,1 millionar kroner ved utløpet av fjoråret, og selskapet hadde ikkje langsiktig gjeld. 

Publisert: 23.05.2025 13:55

Sist oppdatert: 23.05.2025 13:55

Mer om