Jostein Dahl Gjelsvik og Stefan Olsen foto marius kopi
ÅLESUND: Jostein Dahl Gjelsvik og Stefan Olsen og dei andre i Up & Away Digital er sentralt plasserte i andre etasje på Tollboden-bygget i Ålesund.
Nytt

Dei nye jobbane

Bak det som kjedeleg nok blir kalla tertiærnæringane, eller tenesteytande sektor, skjuler det seg eit mangfald av bedrifter.

Marius Rosbach
27.12.2024

Jostein Dahl Gjelsvik og Stefan Olsen er to av dei som driv i denne delen av næringslivet. Dei digitale nerdane såg at det var ein marknad på sida av det dei tradisjonelle reklamebyråa dreiv med.

Dermed såg Up & Away Digital verdas lys eit par veker før Noreg blei «koronastengt» i mars 2020.

– Den taiminga var litt interessant. Vi tenkte vel litt sånn at «Om vi klarer å få dette til å overleve, så klarer vi alt», seier Gjelsvik og flirer.

  • Jul- og nyttårsdagane legg redaksjonen ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i årets NETT NO-magasin. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar. 
  • Les heile magasinet her

I takt med at næringslivet på Nordvestlandet har blitt større, har det blitt meir variert. Det har gitt behov og rom for bedrifter som driv ei langt meir mangslungen verksemd enn regionen har hatt tidlegare.

I denne reportasjen får du møte nokon av dei som har laga eit levebrød av jobbar som knapt fanst i regionen for få år sidan. Up & Away Digital leverer det dei kallar teknisk spissa digitale tenester. Meir om det snart.

Då Nett No møter dei, har bedrifta vakse til fem tilsette. Omsetninga har stige i same takta. I 2023 omsette dei for 4,7 millionar, og tidleg på hausten i 2024 låg dei allereie framom fjorårstala.

Up away Jostein Dahl Gjelsvik Stefan Olsen Sophie Thorel Sebastian Engkrog Sara Artang foto marius
FEM TILSETTE: Sidan oppstarten for drygt fire år sidan har Up & Away Digital vakse frå to til fem tilsette. Frå venstre: Jostein Dahl Gjelsvik, Stefan Olsen, Sophie Thorel, Sebastian Engkrog og Sara Artang. Foto: Marius Rosbach

Koplar it og marknadsføring
Selskapet høyrer til i ei næring som samla blir omtala som «informasjon og kommunikasjon». I 2008 var det kring 1500 personar i Møre og Romsdal som jobba i slike verksemder, viser tal frå SSB.

Dei seinare åra har det blitt betydeleg fleire. Ved første halvår 2024 jobba kring 2100 personar i fylket i denne bransjen. Det utgjer ein auke på 40 prosent i løpet av drygt 15 år.

Den teknologiske utviklinga er noko av drivaren. Den har mellom anna gjort at reklame- og kommunikasjonsbransjen har fått selskap som tek seg av deling på sosiale medium, eigne innhaldsleverandørar til desse kanalane, sjølvstendige filmselskap og eigne språkkonsulentfirma som Språksmia (som har lese korrektur på dette magasinet).

– Vi er ikkje eit innhaldsbyrå og trakkar ikkje reklame- eller kommunikasjonsbyråa på tærne, seier Gjelsvik då vi ber han forklare kva dei driv på med.

– Vi jobbar i fagfeltet som ligg mellom it-kompetanse og marknadsføring. Dei to felta blir knytte i hop, og det krev ganske mykje å gjere ting rett – og kanskje meir enn mange trur, held han fram.

Up away Jostein Dahl Gjelsvik foto Marius
DIGITAL MARKNADSFØRING: Up & Away Digital jobbar i kryssingspunktet mellom it-kompetanse og marknadsføring, fortel Jostein Dahl Gjelsvik. Foto: Marius Rosbach

Det handlar mellom anna om forståing for korleis datasystem fungerer og pratar saman. Å sette opp eit system for e-handel eller løysingar for samtykke på ei nettside er berre nokre av typane oppdrag dei tek på seg.

– Det blir meir og meir komplekst, mellom anna på grunn av lovgivinga på feltet. Det er mykje juridisk som må vere på plass, ikkje minst når ein kjem utanfor Noreg, legg han til.

Det siste er medgründer Stefan Olsen sitt fagfelt.

Annleis miljø enn i dei store byane Dei fleste kundane til Up & Away Digital held til på Nordvestlandet. Gründerane opplever at miljøet i regionen er litt annleis enn dei har erfart på større plassar som Bergen og Oslo. Stikkordet er tillit.

– Alle kjenner godt nok til kvarandre, så det er sjeldan ein kjem inn i oppdrag utan ei anbefaling frå andre på eit eller anna vis, seier Olsen.

Up away Stefan Olsen foto Marius
MASKINLÆRING: Stefan Olsen fortel ei at dei nyttar maskinlæring og kunstig intelligens for å finne nye kundar til sine kundar. Foto: Marius Rosbach

Sparebanken Møre er mellom dei større kundane. Nyleg hadde dei ein kampanje for verftskonsernet Vard, som ønskte å rekruttere kring 200 nye tilsette.

Då er både eit kommunikasjonsbyrå som jobbar med innhaldet, og eit lokalt filmselskap som leverer levande bilde, involverte.

– Så «pushar» vi ut digitale annonsar. I dette tilfellet gjekk det over all forventning. Det var veldig kjekt, seier Gjelsvik.

Kunstig intelligens er kome på «alle sine lepper» dei siste par åra. Det er teknologi som Up & Away Digital allereie har nytta sidan oppstarten.

– Mykje av jobben dreiar seg om å samle datasett der vi kan bruke maskinlæring for å finne nye kundar, seier Olsen.

Ved hjelp av teknologien kan dei for eksempel skilje mellom ein student som søker på «Vard» for å finne informasjon til ei oppgåve, og ein kunde som vil kjøpe eit cruiseskip.

Trine Klemetsen foto Ogne
BYUTVIKLING: Prosjektet som Trine Klemetsen starta i 2015, har utvikla seg til ein nyheitskanal som når ut til store delar av dei som brukar Ålesund by. Foto: Ogne Øyehaug

Ingen næringskode som passar 
Bypatrioten er ein annan arbeidsplass ulik dei fleste andre – faktisk så sjeldan at Trine Klemetsen ikkje fann nokon næringskode som passa.

– Vi er registrerte som reklamebyrå. Vi er jo eit byutviklingsprosjekt, så det blir veldig rart, men koden finst ikkje. Det er sikkert fleire som ikkje kjenner seg heilt heime i slike register, seier ho.

Det heile starta i 2015 som ein motreaksjon mot at alle snakka om død by.

– Eg kjende byen min og kjende meg ikkje igjen i historiene om at ingenting skjedde, fortel Klemetsen.

Kva om folk rett og slett mangla informasjon, spurde ho seg. Dermed starta ho å tusle gatelangs med kameraet og fortelje om kva som skjedde, når og kvar – og ikkje minst let ho sjåarane få møte folka hos dei ulike arrangørane.

I dag når Bypatrioten ut med små og store nyheiter til store delar av dei som bur i og brukar byen. Dei har fleire enn 80 000 følgarar på sosiale medium, og over éin million les nettavisa årleg.

I botnen ligg ein eigen kulturkalender der dei fører oversikt over alt som skjer i byen.

– Den kulturkalenderen er vi stolte av, og eg veit ikkje om andre byar som har noko tilsvarande. Vi har gitt fri omtale til absolutt alle event og arrangement i byen gjennom snart elleve år, seier Klemetsen.

Brenn for breidda i kulturlivet Bypatrioten-sjefen gler seg over at byen er vertskap for festivalar som Jugendfest og store konsertar med internasjonale artistar.

– Men for ein by som har mål om å vekse, trekke til seg fleire og vere urban, er det minst like viktig å fortelje kva Jazzsirkelen og teatera held på med, seier ho.

Klemetsen er snar til å understreke at ein by treng breidda i kulturlivet og dei nye arbeidsplassane for å vere attraktiv nok. Samtidig meiner ho at samspelet med næringslivet er avgjerande.

Bygger by frå fortauskanten
I dag er Bypatrioten også en sentral aktør i byutviklingsprosjektet Bylaben, som skal vere ein aktiv møteplass for alle. I tillegg står dei bak Bra By-konferansen, som blei arrangert for sjuande gong i november.

– Det handlar om å bygge byen frå fortauskanten. Vi jobbar med det vi vil betre på, og skriv om det som kan styrkast, fortel Klemetsen.

I sitt ellevte år er Bypatrioten blir eit «vakse» selskap med solid økonomi. I 2023 bikka omsetninga for første gong tre millionar kroner, og resultatet enda med ein solid driftsmargin.

Dei lange trendane viser at tenesteytande næringar har vakse dei siste 15 åra i Møre og Romsdal. I 2008 jobba kring 88 500 personar i tenesteytande næring i fylket. I 2023 var det blitt nesten 7000 fleire, med 93 500 personar, ifølge SSB-tal. I prosent er auken på drygt sju prosent.

I same tidsperioden har talet på tilsette i primærnæringane (som jord, skogbruk og fiske) gått tilbake frå 6200 til kring 5600 personar. Talet på dei som jobbar i sekundærnæringane (som industri, møbel og bygg), var på same nivået i 2023 som i 2008, med kring 35 000 personar.

Hanne suorza foto privat
HELSE-APP: Hanne Suorza har utvikla ein app for stressmeistring som også har blitt eit levebrød. Foto: Privat

Utviklar app frå heimekontor
Helse- og omsorgstenester er den største bransjen i det som blir kalla tertiærnæringar – eller tenesteytande yrke. I 2008 var det knappe 27 000 som jobba i desse yrka i Møre og Romsdal. Halvvegs i 2024 hadde talet stige til 28 630.

Det er ein liten auke i prosent, men i reine tal utgjer han meir enn det doble av veksten i tilsette i informasjons- og kommunikasjonsbransjen i same perioden.

Ein sjukdomsperiode førte Hanne Suorza frå Sykkylven til det som i dag er blitt eit levebrød som høyrer inn under helsetenester. Gjennom fleire år har ho jobba med å utvikle ein app som skal hjelpe folk med å takle stress. 

Arbeidskvardagen er i utgangspunktet på heimekontoret i Sykkylven med utsikt over fjorden. Mestre-appen er blitt til i samarbeid med psykiater Bjarte Stubhaug, og i første omgang retta dei seg inn mot privatmarknaden. 

Fleire oppdrag for bedrifter er no med på å utvide grunnlaget for verksemda. Gründeren påpeiker at mykje av sjukefråværet i arbeidslivet har å gjere med stress. 

– Det er fagleg medisinsk tynge i prosjektet med ein lege og psykiater involvert. Vi skil oss kanskje litt ut der, seier ho. 

Selskapet deltok i gründerkonkuransen Næringsteft og kom på andreplass i 2022. Då vart dei utfordra på kva for vidare mål dei har med arbeidet og selskapet. 

– Vi har planar om vekst, både i produkttilbodet og talet på kundar. Målet er å skalere opp på ein måte som sikrar høg kvalitet og verdi for  kundane våre, fortel Suorza. 

Undervegs har Suorza og Bjarte Stubhaug mellom anna laga fleire enn hundre podkast-episodar om mental helse. Sykkylvingen er òg mindfulness-instruktør. 

I haust inviterte ho i samarbeid med eit lokalt advokatfirma til økter i «mindful morning» hos Pir i Ålesund. Deltakarane kom frå lokalt næringsliv og siste morgonen var det fullt hus.

  • Jul- og nyttårsdagane legg redaksjonen ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i årets NETT NO-magasin. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar. 
  • Les heile magasinet her

Publisert: 27.12.2024 05:00

Sist oppdatert: 30.12.2024 12:41

Mer om