NPK-NTB. Noreg er i ferd med å utrydde koronapandemien blant dei eldre, seier Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet.
95 prosent av dei koronasmitta i mai har vore under 60 år. Samtidig held talet på koronapasientar seg framleis lågt, skriv Aftenposten.
– Vi tolkar det som at vi er i ferd med å utrydde epidemien blant eldre, seier FHI-overlege Preben Aavitsland.
Det kjem av vaksinasjon og at eldre har eit mindre sosialt liv enn unge. Førre veke var ein stor del av dei smitta mellom 15 og 30 år, noko Aavitsland kallar forventa.
– Dette er ein forventa konsekvens av at dei unge veit at dei sårbare er vaksinerte, og at dei sjølv ikkje vil få alvorleg sjukdom. Det er vår, og dei vil treffe venner, seier han.
Publisert: 26.05.2021 08:24
Sist oppdatert: 26.05.2021 08:26