SV dobbelt så store som Sp i måling
Høgre er framleis størst.
(NPK-NTB): I ei ny meiningsmåling held Høgre stand som det største partiet i landet, medan Arbeidarpartiet går varsamt fram. SV er no dobbelt så stort som Senterpartiet.
På ei fersk Norstat-måling for Aftenposten og NRK får Høgre 26,8 prosents oppslutning og går fram med 0,5 prosentpoeng frå førre måling.
Arbeidarpartiet går fram med 0,8 prosentpoeng til 19,4 prosent. Regjeringspartnar Senterpartiet går tilbake med 0,4 prosentpoeng til 5,7 prosent.
Endringane er likevel innanfor feilmarginen, men viser klart at regjeringspartia framleis slit, medan Høgre og Erna Solberg framleis står støtt trass i habilitetssaka.
På målinga står SV stabilt på 11,4 prosent og er dermed dobbelt så stort som finansminister Trygve Slagsvold Vedums parti. Bakgrunnstala viser i tillegg at Sp har tapt over 25.000 veljarar nettopp til SV.
Ifølgje NRK har ikkje SV gjort det så godt på 20 år.
Valforskar Johannes Bergh slår fast at Vedum ikkje ser ut til å bli påskjønt for det klare SV-neiet sitt.
– Absolutt ikkje. Det er overraskande at Sp mistar så mange til SV. Men Vedum vann veljarar frå alle parti i 2021, inkludert SV. No har tydelegvis ein del av dei gått tilbake til SV, seier Bergh til Aftenposten.
Viss denne målinga var eit valresultat, ville Høgre, Frp, Venstre og KrF fått 85 mandat på Stortinget. Det er akkurat nok til fleirtal.
Tala for dei andre partia (med differansen frå førre måling i parentes):
Frp 12,1 (-1,5), Venstre 6 (+2), Raudt 4,9 (+0,1), MDG 3,3 (-0,6), KrF 3,7 (-1), INP 3,3 (-0,8), Andre 3,4 (+0,8).
(©NPK)
Publisert: 17.01.2024 10:40
Sist oppdatert: 17.01.2024 10:40