(NPK-NTB-Bibiana Piene) Det meiner SV – som krev at regjeringa legg inn avgrensingar på utbytte.
– Å hindre at midlane til fellesskapet hamnar i private lommer meiner vi er sjølvsagt, seier SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes til NTB.
Regjeringa vil gjeninnføre den same kompensasjonsordninga for næringslivet som Solberg-regjeringa skrudde saman då Noreg stengde ned i fjor.
Men regjeringa må ha Stortingets støtte, noko som i praksis betyr at dei må bli samde med SV.
– Dette blir det forhandlingar om. Det er ingen som har fleirtal per no for noko ordning, og ifølgje budsjettavtalen må regjeringa og SV bli samde. Så då tek vi det derfrå, seier Fylkesnes til NTB.
Fiasko
Ordninga har vore ein fiasko på mange vis, slo Fylkesnes fast på Politisk kvarter på NRK torsdag morgon.
– Det er ein skandale at halvparten av bedriftene som fekk krisestøtte, har teke ut meir i utbytte i kriseåret 2020 enn dei gjorde før pandemien kom, slo han fast.
Det har ikkje skorta på åtvaringar, men derimot ein mangel på vilje til å ramme inn ordninga slik at støttemidlar ikkje kan takast ut som utbytte, meiner han.
SV forventar no at Støre-regjeringa tenkjer annleis enn forgjengarane sine.
– Men vi er kritiske til heile ordninga. Heller lønnsstøtte enn kompensasjonsordning er beskjeden frå oss, seier Fylkesnes.
På gli?
Det kan ikkje Senterpartiets Geir Pollestad, som sit i finanskomiteen på Stortinget, lóve.
– Det aller viktigaste for oss no er å få gjeninnført kompensasjonsordninga, slo han fast på Politisk kvarter.
Men samtidig sender han eit signal om at regjeringa kan vere på gli når det gjeld å justere ordninga.
– Dette har vore ei ordning som har sikra mange bedrifter og redda mange arbeidsplassar. Men framover må vi jo sjå på korleis vi best mogleg kan sørgje for at pengane går til dette og ikkje til utbytte, seier han.
LO-skepsis
Også LO er skeptisk til kompensasjonsordninga i noverande form.
Regjeringa må leggje inn avgrensingar på utbytte og bonus, også for utanlandske eigarar, seier LO-leiar Peggy Følsvik Hessen til Klassekampen.
Hand frå Venstre
Venstres Sveinung Rotevatn er på si side svært skeptisk til at regjeringa og SV no skal forhandle om kompensasjonsordninga.
– Vi har ikkje tid til at regjeringa skal bli samd med SV. Vi treng ei ordning før jul, seier han og rekkjer ut ei hand til Støre.
– Regjeringa må gjerne komme til oss for å få fleirtal, seier han.
– Står ikkje budsjettavtalen med SV i vegen for det?
– Vi kan ikkje la ein slik avtale stå i vegen for akutte krisetiltak. Dette handlar om ekstraordinære tiltak, ikkje ordinære budsjettsaker, seier Rotevatn.
Publisert: 09.12.2021 16:09
Sist oppdatert: 09.12.2021 16:10