Jan Christian Vestre januar 2024 nmk foto marius
LOVAR Å FØLGJE OPP: Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) lovar å følgje opp innstrammingane i leiarlønningane i statleg eigde selskap. Arkivfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

SV-leiaren konfronterte Vestre om leiarlønningar

Næringsministeren meiner det er for tidleg å konkludere.

04.04.2024

(NPK-NTB): Næringsministeren lovar å seie tydeleg frå dersom statleg eigde selskap ikkje modererer toppleiarlønningane nok. Men han meiner det er for tidleg å konkludere.

– Det tek tid å endre desse systema, sa næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) då han møtte i Stortingets spørjetime onsdag.

Spørjetimen gjekk som planlagt, trass i ein mykje omtalt bombetrussel mot Stortinget og stort politioppbod utanfor.

Inne i salen konfronterte SV-leiar Kirsti Bergstø næringsministeren med at store statleg eigde selskap som Equinor og Telenor har gjort grep for å omgå innstrammingane til regjeringa i reglane for leiarlønningar, slik Dagens Næringsliv har omtalt.

Frå nyttår i år må nemleg selskapa grunngi det særskilt dersom toppleiarane aukar lønna meir enn resten av tilsette. Bonusane til toppleiarane får heller ikkje overstige 25 prosent av fastlønna. For å omgå dette har toppleiinga i fleire selskap fått auka grunnlønn frå nyttår.

– Er slike grep i tråd med intensjonen i innstrammingane, spurde Bergstø.

Vestre ville ikkje gå inn i dei konkrete sakene.

– Det blir viktig å vurdere om dette har vore vellykka eller ikkje når vi får oversiktene frå alle selskapa gjennom våren, sa han.

Næringsministeren lova likevel å vere tydeleg overfor selskapa og styra dersom det viser seg at nokre av dei ikkje har forhalde seg til dei nye innstrammingane.

– Det er litt for tidleg å fastslå korleis dette har vorte gjennomført i praksis. Vi må hugse at det her er innarbeidde rettar og inngåtte gyldige avtalar, sa han.

(©NPK)

Publisert: 04.04.2024 07:47

Sist oppdatert: 03.04.2024 23:33

Mer om