Kort fortalt

SV vil binde regjeringa

Hemmelege tilleggskrav i forhandlingane.

16.11.2021

(NPK-NTB-Gunnhild Hokholt Bjerve): SV-leiar Audun Lysbakken lovar omkamp om fleire saker partiet ikkje vann fram med under regjeringsforhandlingane i Hurdal, utan å røpe kva saker det gjeld.

Utan ein samarbeidsavtale med Sp og Ap i botn blir det viktig for SV å sikre seg politiske sigrar utover å flytte på milliardar og millionar i budsjettet.

Derfor kjem SV til å prøve å få bindande avtalar med regjeringspartia på fleire område.

Men partitoppane er ordknappe om kva dei vil krevje.

– Vi offentleggjer ikkje alt vi vil leggje på bordet i dag, sa SV-leiar Audun Lysbakken til NTB før budsjettforhandlingane tok til måndag.

Lysbakken lettar likevel på sløret om éi sak: profittfri velferd.

– Det er eit godt døme på noko vi ikkje kom i mål med på Hurdal og som vi tek opp igjen no, seier Lysbakken.

Det SV vil ha regjeringspartia med på, er å greie ut modellar for å kvitte seg med kommersielle aktørar som driv barnehagar, eldreomsorg og rusbehandling.

– Det er ei sak vi vil bruke budsjettmakta vår til å prøve å gjennomføre, sjølv om det strengt teke ikkje er ei budsjettsak, seier Lysbakken til NTB.

Ifølgje han er det ikkje noko nytt i norsk politikk å gjere det på den måten.

– Det er rimeleg at ein budsjettpartnar òg kan påverke politikken på ein del andre område.

På spørsmål om dei vil prøve å binde regjeringspartia til avtalar som skal gå over fleire år, svarer Lysbakken at det i hovudsak vil handle om ting som skal gjennomførast i løpet av det neste budsjettåret.

(©NPK)

Publisert: 16.11.2021 08:01

Sist oppdatert: 16.11.2021 08:03

Mer om