(NPK-NTB): Fisken i havet høyrer til folket, meiner SV. Partiet vil endre Grunnlova for å hindre at ressursane i havet blir verande på private hender.
– Det går føre seg ein rå maktkamp om havet. Retten til å fiske samlast på stadig færre hender, seier SVs Torgeir Knag Fylkesnes.
– Nokre få reiarar og finansinstitusjonar har teke kontroll over store delar av ressursane. Hjelpt av blåøygde fiskeriministrar har dei gjort retten til å fiske til ein handelsvare, held fram han.
Fylkesnes meiner utviklinga går i retning av krav om at kvotane som kjøpast og seljast på marknaden, skal ha vern som eigedom.
– Då vil fiskerettar til enorme verdiar stå fare for å hamne på private hender til evig tid, meiner han.
Grunnlovsframlegget som SV fremjer når Stortinget trer saman igjen, skal hindre privatisering av fiskeressursane, utan å gjere sjølve kvoteordninga ulovleg.
– Det er ikkje den enkelte fiskar som eig egne kvotar eller rettar. Dei høyrer til fellesskapet, som set rammer og avgrensar uttaket, seier han. (©NPK)

Publisert: 21.09.2016 20:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44