Kort fortalt

Svak auke i talet på nye jobbar

Flest i privat sektor.

09.05.2025

(NPK-NTB): I første kvartal i år var det rundt 30.000 fleire jobbar i Noreg enn på same tid i fjor, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er ein auke på rundt 1 prosent, skriv SSB.

– Frå slutten av 2023 har endringa i jobbar lege relativt lågt mellom 0,6 og 1,1 prosent, seier seksjonssjef Tonje Køber i SSB.

Auken på 30.000 jobbar fordelte seg slik i dei ulike sektorane:

59 prosent var i privat sektor og offentleg eigde føretak. 33 prosent var i statsforvaltninga, medan 7 prosent var i kommuneforvaltninga.

Samtidig gjekk talet på nytilsetjingar i første kvartal ned med 3,7 prosent frå same periode i fjor. Talet er på sitt lågaste sidan andre kvartal i 2021, i botnpunktet i pandemien.

(©NPK)

Publisert: 09.05.2025 09:48

Sist oppdatert: 09.05.2025 09:48

Mer om