Kort fortalt

Svak inntektsvekst for bøndene

Heng etter i lønsutviklinga.

25.03.2022

Næringsinntekt som bønder hentar frå jordbruksdrift, har hatt ein svak auke dei siste åra, viser tal frå SSB.

I perioden 2015 til 2020 har næringsinntektene frå jorbruket til saman auka med rett under 24.000 kroner, ifølgje SSB. Det er ein vekst på under 5.000 kroner i snittar per år per gardbrukar, skriv Nationen.

Rentekostnader er ikkje tekne med.

Næringsinntektene frå jordbruket auka i 2020 med vel 14.000 kroner til 215.000 kroner i gjennomsnitt per bonde. Dette er den første inntektsveksten på fleire år frå jordbruksdrift.

Samtidig har den gjennomsnittlege årslønna i samfunnet auka tre gonger meir enn næringsinntektene i jordbruket i same periode.

Publisert: 25.03.2022 10:46

Sist oppdatert: 25.03.2022 10:47

Mer om