Kort fortalt

Svakare for Polaris Media

– Vi er ikkje tilfredse.

05.05.2023

(NPK-NTB): Polaris Media hadde eit svakare første kvartal i år enn i fjor. Medieselskapet fekk eit driftsresultat på 22 millionar kroner, 32 millionar mindre enn året før.

Resultatnedgangen kjem av reduserte annonseinntekter og auka kostnader, ifølgje ei børsmelding frå selskapet.

– Vi er ikkje tilfredse med dei finansielle resultata frå konsernet i første kvartal, og har sett i verk fleire tiltak som vil gi effekt framover. Samtidig som vi tilpassar kostnadene, held vi oppe viktige satsingar som skal gi oss vekst og ytterlegare styrke vår posisjon, seier konsernsjef Per Axel Koch.

Det var særleg annonseinntekter frå papiravisene som svikta i første kvartal. Noko av nedgangen vart kompensert av auka brukarinntekter, takka vere framleis sterk vekst i heildigitale abonnement både i Polaris Media Norge og Stampen Media.

– Vi har ei langsiktig satsing på å styrkje det digitale tilbodet vårt, og vi ser at ein stadig større del av abonnementsmassen er heildigitale, seier Per Axel Koch.

Ifølgje børsmeldinga har selskapet sett i verk kostnadssparande tiltak som gradvis vil gi effekt i 2023 og 2024, inkludert bemanningsreduksjon tilsvarande 94 årsverk.

(©NPK)

Publisert: 05.05.2023 11:04

Sist oppdatert: 05.05.2023 11:04

Mer om