Kort fortalt

Svakare norsk økonomi

Norsk økonomi fall 0,2 prosent i februar.

12.04.2023

SSB: Den norske økonomien fall med 0,2 prosent frå januar til februar, noko som er dårlegare enn venta.

Det var venta ein svak vekst, men i staden vart det altså nedgang.

– Rørslene i økonomien frå januar til februar er nokså små. Ei svak utvikling i enkelte næringar gjer at vi endar med ein nedgang, seier seksjonssjef for nasjonalrekneskapen Pål Sletten.

– Den underliggjande veksten i fastlandsøkonomien viser teikn til å bremse opp. Den rullerande tremånadersveksten har vore minkande dei siste månadene, seier Sletten.

Publisert: 12.04.2023 08:50

Sist oppdatert: 12.04.2023 08:50

Mer om