Kort fortalt

Svakare resultat for Lerøy

Rekordhøge inntekter - men lågare lønnsemd.

21.02.2023

(NPK-NTB): Lerøy auka omsetninga i det fjerde kvartalet i fjor, og 2022 vart eit rekordår. Samtidig fall driftsresultat. Sjømatselskapet melder om press på kostnader.

Omsetninga i fjerde kvartal i fjor var 7,1 milliardar kroner, opp frå 6,5 milliardar kroner i same kvartal i 2021. For 2022 samla sett enda omsetninga på rekordhøge 26,6 milliardar kroner.

– Sjømatmarknaden i 2022 var svært sterkt. Samtidig erfarte vi, som andre industriar, press på kostnader, fortel konsernleiar Henning Beltestad.

– Det som elles har prega året, er forslaget om grunnrenteskatt, der vi allereie ser sterkt negative effektar på spesielt investeringar langs Kyst-Noreg, seier han vidare.

Resultatet før skatt i siste kvartal i 2022 vart 370 millionar kroner, ned frå 1.070 millionar kroner i same periode i 2021.

(©NPK)

Publisert: 21.02.2023 08:12

Sist oppdatert: 21.02.2023 08:13

Mer om