Kort fortalt

Svakt frå Stadt

Gjerdsvik-bedrift tapte pengar i fjor.

12.07.2022

Stadt hadde eit svakt år i fjor, med berre 3,3 millionar kroner i driftsinntekter.

Resultatet før skatt vart på minus 7,4 millionar.

Selskapet produserer framdriftssystem for skip, men har no oppretta dotterselskapet Stadt Naval for å satse meir inn mot den militære marknaden.

Nyleg vart også eit kontor i Singapore oppretta.

Eigenkapitalen er på 6,4 millionar kroner, og langsiktig gjeld er på 0,7 millionar.

Selskapet eig også 24,1 prosent i Vindskip.

Gründer Hallvard Slettevoll saman med familien er hovedaksjonær.

Stadt
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 3,3 6,5
Driftsresultat -7,8 -4
Resultat før skatt -7,4 -3,2

Publisert: 12.07.2022 16:19

Sist oppdatert: 12.07.2022 16:27

Mer om