Kort fortalt

Svakt resultat for Polaris Media

Dårlegare for eigarane av Sunnmørsposten og Romsdal Budstikke.

08.02.2024

(NPK-NTB): Polaris Media har nedbemanna og veks på digitale flater, men resultatet deira i fjerde kvartal er framleis svakare enn året før.

Driftsresultatet på 57 millionar kroner er heile 25 prosent svakare enn i same periode i 2022, medan driftsresultatet for heile 2023 er 29 prosent svakare enn i heile 2022.

Mediekonsernet eig 73 mediehus i Noreg og Sverige, mellom anna Adresseavisen og Fædrelandsvennen. Polaris Media har hovudkontor i Trondheim.

Polaris har nedbemanna kraftig for å kutte kostnader: 90 årsverk i Noreg i 2023 og 2024, mellom anna gjennom samanslåing av dei to trykkeria til konsernet i Midt-Noreg. I det svenske dotterselskapet Stampen Media er det gjennomført nedbemanning av til saman 121 årsverk gjennom 2023. Dei fleste effektane av dette slår inn først i 2024.

Konsernet er svært positive til veksten i digitale brukarinntekter. Ved årets utgang hadde talet på digitale abonnement auka med 19 prosent til 392.000, noko som utgjer 63 prosent av det samla abonnementet til konsernet.

–Annonsemarknaden er framleis krevjande både i Noreg og Sverige. Der ligg hovudutfordringa for mediehusa, seier konsernsjef Per Axel Koch.

(©NPK)

Publisert: 08.02.2024 09:05

Sist oppdatert: 08.02.2024 09:05

Mer om