Kort fortalt

Svensk avtale for Norwegian Hydrogen

Går i partnerskap med svensk transportselskap.

26.02.2026

Svenske Maserfrakt skal få hydrogen frå Norwegian Hydrogen til lastebilar som skal ha hydrogen som engergiberar, ifølgje ei pressemelding.

Hydrogenet skal produserast i Noreg og Norwegian Hydrogen vurderer også eit eige anlegg for å forsyne kundar i Sverige.

Pressemeldinga opplyser ikkje kor stort volum som skal leverast til Maserfrakt, eller kva Norwegian Hydrogen skal få betalt.

Publisert: 26.02.2026 10:58

Sist oppdatert: 26.02.2026 10:58