Kort fortalt

Svensk satsing på norsk havvind

Vattenfall skal satse på havvind i Noreg.

08.02.2022

Den statlege svenske energikjempa Vattenfall innleier eit samarbeid med norske Seagust for å byggje ut havbasert vindkraft i Noreg.

Det opplyser det svenske selskapet i ei pressemelding.

– Noreg er med det enorme vindpotensialet sitt ein attraktiv marknad, og vi er svært glade for den aukande støtta til vindkraft frå den norske regjeringa, seier Helene Biström som leier Vattenfalls vindkraftavdeling.

Det blir første gong selskapet går inn i vindkraft i Noreg. Biström seier det er for tidleg å seie kor store investeringar det vil bli snakk om.

– Lykkast vi med måla våre, handlar det totalt om titals milliardar kroner, seier ho til Dagens Industri.

Publisert: 08.02.2022 08:32

Sist oppdatert: 08.02.2022 08:33

Mer om