NPK-NTB: Fleire av dei store kleskjedene i Noreg opplever nedgangstider. Digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) seier kjedene må omstille seg.
Omsetninga i norske klesbutikkar har falle med over 900 millionar kroner, rundt 2,9 prosent, til 30,9 milliardar, skriv . Tala er henta frå ein ny rapport frå bransjeorganisasjonane Virke.
Nedgangen ramma i fjor fire av dei seks største kjedene, mellom dei Lindex og H & M.
– Store delar av bransjen står stille eller går tilbake, seier bransjedirektør Bror William Stende for faghandel, mote og fritid i Virke.
Konkursbølgje, svake marginar og knallhard konkurranse frå nettaktørar fører til ein nedgang i norsk detaljhandel som bekymrar Astrup.
– Delar av næringa slit og må omstille seg. Enten må dei omstille seg, eller så tek andre plassen. Det er viktig at konsepta er tilpassa ein ny kvardag. Butikkane får ein annan funksjon enn dei hadde før, seier han.
Med ein salssvikt på 200 millionar kroner, kom Varner-gruppa dårlegast ut i fjor. Gruppa eig kjedene Dressmann, Cubus, Bik Bok, Volt, Carlings og Urban.

Publisert: 26.02.2019 11:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35