Kort fortalt

Søksmål utsett grunna sjukdom

Strid om kaiskade må vente.

Marius Rosbach
13.01.2022

Søksmålet som skulle gå i Møre og Romsdal tingrett torsdag og fredag denne veka, er utsett grunna sjukdom.

Det får NETT NO opplyst frå advokat Harald Holm Glad som representerer dei saksøkte partane.

Det er Roger Hofseth-selskapet Seafood Farmers of Norway som har saksøkt JA Invest, advokat Kristine Devold og forsikringsselskapet W.R.Berkley Insurance Nordic.

Dei krev erstatning etter at eit skip kolliderte i kaia ved Seafood Farmers of Norway sitt anlegg på Valderøya i januar 2017.

Grunnen er at ein foreldesesfrist for å kreve erstatning frå reiarlaget ikkje vart avbroten av advokatselskapet, i følgje sluttinnlegget til Seafood Farmers of Norway sin advokat.

Dei tre saksøkte sin advokat avviser i sitt sluttinnlegg at det er grunnlag for kravet.

Les meir her.

Publisert: 13.01.2022 10:05

Sist oppdatert: 13.01.2022 10:07

Mer om