Kort fortalt
Sølvtrans-forelegg etter dødsulukke
Må betale 150.000 kroner.
08.03.2023
Brønnbåtselskapet Sølvtrans er ilagt eit forelegg på 150.000 kroner etter ei dødsulukke om bord på brønnbåten Øysund i 2017, skriv Metal Supply.
Ein av mannskapet fall over bord då ei bølgje slo inn over båten. Reiarlaget fekk i ettertid kritikk av Havarikommisjonen for prosedyrene ved opphald på dekk i grov sjø, og for prosedyre og øving med MOB-båt.
I tillegg til forelegget, må Sølvtrans også betale oppreising til pårørande.
Publisert: 08.03.2023 11:21
Sist oppdatert: 08.03.2023 11:23