(NPK-NTB): På 20 år har delen av oss som handlar daglegvarer på søndagar, auka med 70 prosent. Det skal Brustad-bua ha mykje av æra for, meiner SIFO.
– I 2016 seier 36 prosent at dei handlar i søndagsopne butikkar, medan 21 prosent svarte det same i 1996. Det er nok fordi tilgangen er blitt betre etter at den såkalla Brustad-bua kom, og folk er veldig fornøgde, seier forskar Randi Lavik ved SIFO til NTB.
Sjølv om fleirtalet av nordmenn ikkje handlar på søndag, likar vi godt at moglegheita er der, og vi er blitt meir positive til søndagsopne butikkar. Særleg likar folk at det er mogleg å handle daglegvarer på søndagar i kioskar og på bensinstasjonar, men når vi først stikk ut for å handle, vel dei fleste å kjøpe søndagsvarene i små daglegvarebutikkar.
Når det gjeld kor ofte moglegheita vert nytta og kor mykje vi brukar, har ikkje handlemønsteret vårt på søndagar endra seg stort på 20 år.
Rundt halvparten av søndagshandlarane brukar tilbodet berre éin gong i månaden, ein tredel handlar to gonger i månaden, medan berre ein av fem har søndagshandla tre gonger per månad. Desse tala er omtrent dei same som ved tilsvarande undersøking i 1996.
Dei fleste som handlar på søndag skal berre supplere litt, og dei brukar under ein hundrelapp. Dei færraste brukar meir enn 200 kroner. (©NPK)

Publisert: 21.09.2016 13:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44