Kort fortalt

Søringkarantene på kraft

Kraftselskap i nord sluttar å levere kraft til søringar.

NPK
23.09.2021

Straumkundar i sør har søkt seg til nordnorske straumselskap for å få billigare straum. Men no stansar Polar Kraft salet av straum til kundar i sør.

Straumkundar rømmer nordover, der straumprisane er lågare. Men det blir for dyrt for dei nordnorske kraftselskapa, som stenger døra for kundar sørfrå, skriv NRK Nordland.

Sjølv om det er kraftoverskot i nord, har ikkje landsdelen kapasitet til å overføre så mykje straum sørover.

– Når marknaden hadde ein så kjapp og brutal stigning på berre nokre veker, er det ikkje mogleg setje ein felles pris for heile Noreg. Det er for ulike prisar, seier administrerande direktør i straumleverandøren Polar Kraft, Herold Myrland, til NRK.

For å gi straum til kundane sine i sør må Polar Kraft kjøpe straum til dei frå sør i landet. Då går Polar Kraft i tap. Kraftselskapet har difor mellombels skrive seg ut av listene over straumleverandørar for kundar i sør.

Publisert: 23.09.2021 11:35

Sist oppdatert: 23.09.2021 11:36

Mer om